side-1_forside lite web

Elisabeths første CD.
Trykk på CD coveret for bestille


 

Uraflower
LogoUraflow-buet-liten

Eit bilde på livet!

Livet er som ein blomst på marka. Den står i dag, så nydelig fin. Skapt av Gud.
Kva er hensikten med blomster? Er dei til for å skapa glede for den som ser dei?
Eg trur Gud gav oss blomster for å gleda oss. Og eg trur han også gleder seg over synet.
Som regel luktar dei godt òg. Ein blomst er ei gave i seg sjølv. I Bibelen er det mange likningar om livet. Jesus brukte og bilder for å forklara enkelte poeng, så disiplane skulle skjønna det bedre og huska det lettare. Det er vitenskapleg bevist at du huskar betre eit bilde enn nåko du berre høyrer. Var det derfor Jesus gav oss så mange bilder? Poenga hans er lette å huska, for han snakka dagleg tale og ikkje framandord.

Når eg seier u r a flower så er det ei engelsk forkorting på you are a flower, nåko som betyr :du er ein blomst. Du ER som ei plante, ein blomst! Livet er som ei plante, ein blomst!
Me veit ingenting om blomsten vil stå i morgon. Men i dag er det liv. Den første sangen på plata mi : If time could heal scars… heiter “I know nothing about tomorrow.” På norsk betyr det;
Eg veit ikkje nåko om i morgon. Den handlar om akkurat dette. 

I dag er alt me har. I dag vil eg leva. I dag vil eg leika. I dag vil eg ta til meg næring.
Sørg for at du får nok næring i dag, så kan du stå like flott i morgon. Du er ein blomst! 
u r a flower!
 

Bakgrunn for at eg valde uraflower-namnet
Eg sat og funderte over om eg skulle ha eit gruppenamn, artistnamn eller berre bruke mitt vanlige namn i lanseringa av musikken min. Var innom mange variantar, men følte det unaturleg å kalle meg nåko anna enn det eg heiter. Mens eg grubla, skrabla eg ner initialane mine, og oppdaga plutseleg at dei såg ut som ein blomst. Skulle eg kalla meg flower? Nei, det blei altfor sjølvhøgtideleg. Det eg ville var jo å fortelje andre at dei er verdifulle!
 
Tenk om folk kunne få eit lite budskap, ein liten oppmuntring, berre ved å sjå utsida av CD-coveret, i ordet uraflower
 
Derfor valde eg å bruke eit motto, i staden for eit fancy artistnamn - helsing meg. Mottoet blei uraflower, som er ei forkorting på du er ein blomst.

Var dette vanskeleg forklart?
Visst du sjønar heile teologien bak dette er du god, og har sikkert ein skyhøg iq. For eg er ikkje verdens beste i å forklara ting. Men eg forstår som regel meg sjøl godt....
 
 
Elisabeth
 
PS. Anette Dahl, Åsa Svensson og John Reidar Johnsgård har vore med i utarbeidinga av logoen til uraflower
 

Uraflower logo
BuiltWithNOF
[Elisabeth si heimeside] [Uraflower] [If time could heal scars] [Dikt og sanger] [Din side] [Lenker] [Kontakt meg] [Humor] [Konsertprogram]
Google

Webmaster:  Ståle Brodalen

Webdesigner: Ståle Brodalen